Pressemelding: Ikkje rør bokbåten vår!

Mange menneske vil få eit dårlegare liv dersom bokbåten vert lagt ned. Bokbåten når ut til borgarar som bur lengst unna kulturhusa – og dei minst mobile av desse: Dei yngste og dei eldste.

 

Bibliotek er eit kostnadseffektivt tiltak for samfunnsutvikling. Vi meiner at pengar spart på bibliotek vil ein sjå att i auka kostnader i skule- og helsetenester.

 

Kulturminister Thorhild Widvey har uttalt at biblioteka er dei viktigaste kulturhusa vi har. Statsbudsjettet har ei auke i utviklingsmidlar til biblioteka. Bibliotek skal «utvikle sin funksjon som kunnskapsformidlere i en digital tid og gjøre bibliotekene bedre i stand til å formidle sitt litteratur- og kulturtilbud.». Det krev at fylkeskommunane og kommunane følgjer opp. Det er ikkje mogeleg å utvikle noko ein har lagt ned:

 

Så ikkje legg ned det flytande kulturhuset vårt!

 

Sjå facebook-aksjonen « Ikkje rør bokbåten vår».

Norsk Bibliotekforening er ein interesseorganisasjon for bibliotek og bibliotekbrukarar. Vi må reagere når det vert foreslå 24 % kutt i kulturbudsjettet i Sogn og Fjordane. Dette går direkte utover bibliotekbrukarar.

 

 

 

Kontakt

Jorun Systad (styremedlem) tlf. 97 99 89 80 jorun.systad@hoyanger.kommune.no