Årsmelding 2014-2015

bokbatturne_hausten_2010_092
Styret: Britt Berg Madsen (leiar)
Jorun Systad (nestleiar)
Mona Svendsen (kasserar)
Ann-Kristin Vik Fløtre (skrivar)
Håkon Myrvang (styremedlem)

Varamedlemer: Kari Bolstad, for Jorunn Systad
Eli Hjelle Kjøllesdal, for Mona Svendsen
Kristin Hatledal for Ann-Kristin Vik Fløtre
Reidun Koksvik, for Håkon Myrvang

Revisorar: Inger Anne Skeistrand og Aud Skipenes

Valnemnd: Torill Berge (leiar)
Ellen Borch Veum
Anne Sagen

Møter
Styret har hatt 2 møte.

Medlemstal
Det er 75 medlemmer, 37 institusjonar og 38 personlege medlemmer, altså eit stabilt medlemstal.

Møteverksemd og deltaking på eksterne kurs
Nestleiar og sekretær deltok på NBF sine organisasjonsdagar i Oslo.

Aktivitet
– Bidrag på Bibliotekdagane: Internasjonale trendar innan bibliotektenester for barn og ungdom / Jorun Systad (IFLA-medlem, biblioteksjef i Høyanger og styremedlem i NBF Sogn og Fjordane).
– Brev til Sogn og Fjordane fylkesbibliotek om bidrag til felles løft for å få med bibliotekdata frå fylket i Biblioteksøk. I svarbrevet seier fylkesbiblioteket at dei ikkje har høve til å dekke kostnader, men vil kontakte systemleverandørane for å få pris på naudsynt programvare og informere biblioteka om kvar som krevs for å levere data.
– Medlemsmiddag med påfølgande diskusjon på Sunnfjord hotell, der NBF sin kommunikasjonsrådgjevar Kristin Storrusten også deltok.
– Kampsak: Ikkje legg ned bokbåten vår! Vi oppretta Facebook-aksjon, som raskt fekk omlag 2.000 fylgjarar og stor aktivitet. Vi kontakta fylkespolitikarar direkte for å påverke. Pressemelding med oppmoding om å ikkje leggje ned bokbåten, vart sendt til presse, politikarar og til e-postlista biblioteknorge. Vi fekk fleire presseoppslag på nett og papir, samt intervju på radioen – og det resulterte i at saka vart utsett. Bokbåten vart likevel vedteken lagt ned på fylkestinget i desember.

Share on FacebookTweet about this on TwitterShare on Google+Email this to someone