Innkalling til årsmøte 18. juni

egelskarbibliotek

Årsmøtet vert helde torsdag 18. juni kl. 11.00 på Førde bibliotek.

Saker
– Årsmelding
– Revidert rekneskap
– Budsjettforslag
– Verkeplan
– Innkomne saker
– Val

Innkomne saker

• Endring av varaordning. NBF Sogn og Fjordane er oppmoda av NBF sentralt om å gå vekk frå ordninga med personlege varamedlemer. Dette er noko dei fleste lokalavdelingar har gått vekk frå. I staden har ein ordning med to varamedlemer i nummerert rekkefølgje. Dette vil vere ein enklare og sikrare løysing. Vi har opplevd å ikkje ha høve til å kalle inn vara, sidan den personlege varaen har vore sjukmeld, vore i permisjon eller på andre måtar vore hindra.

• Revisjon av vedtektene til Bibliotekprisen, forslag frå Ann-Kristin Vik Fløtre:
1) Prisen kan gå til eit bibliotek, ein institusjon eller ein person i Sogn og Fjordane, og vert tildelt for framifrå arbeid i biblioteka eller for å fremje og synleggjere biblioteka si rolle i samfunnet.
2) Kriteria for tildeling av prisen er at arbeidet representerer spanande, utradisjonelle og framtidsretta tiltak innan kultur-, kunnskaps- eller informasjonsformidling. Det kan vere innan aktiv formidling, marknadsføring, lesestimulering, møteplassfunksjon, arena for offentleg samtale og debatt, tilrettelegging av tenester for ulike brukargrupper eller generelt god teneste og sørvis.
3) Lista over føreslegne kandidatar vert ikkje offentleggjort. Juryen avgjer etter avslutta nominasjonsprosess om det er grunnlag for tildeling.
4) Tildeling vil skje i samband med NBF Sogn og Fjordane sitt årsmøte eller det årlege arrangementet Bibliotekdagane i Sogn og Fjordane.
5) Alle kan kome med framlegg til mottakarar.
6) Juryen har fire medlemer, og vert valde for to år. Årsmøtet vel medlemane etter framlegg frå valnemnda. Juryen er samansett slik:
a. Eitt styremedlem i NBF Sogn og Fjordane (juryleiar, med dobbeltrøyst)
b. Eitt medlem i NBF Sogn og Fjordane
c. Ein forfattar frå Sogn og Fjordane
d. Ein kulturpolitikar frå Sogn og Fjordane

Val

Framlegg til nytt styre:
Jorun Systad (ikkje på val) leiar for 1 år
Reidun Koksvik, styremedlem for 1 år
Ann-Kristin Vik Fløtre, sekretær, attval for 2 år
Mona Svendsen, kasserar, attval for 2 år
Nils Gjerland, politikar, for 2 år

Varamedlemer
(ny ordning med 2 upersonlege varamedlemer)
Kari Bolstad (ikkje på val)
Kristin Hatledal, for 2 år

Revisorar
Aud Skibenes, attval, for 2 år
Inger Anne Skeistrand, attval, for 2 år

Biblioteksprisjury, alle valde for 2 år
Jorun Systad (frå styret i NBF Sogn og Fjordane)
Randi Tveit Solheim (medlem NBF Sogn og Fjordane)
Ove Eide (forfattar frå fylket)
Hege Lothe (kulturpolitikar frå fylket)

For valnemnda:
Torill Berge

Valnemnd

Ellen Borch Veum (leiar)
Anne Sagen
Eli Eide Årevik

Med helsing
styret i Norsk Bibliotekforening avdeling Sogn og Fjordane
v/ Ann-Kristin Vik Fløtre, sekretær

Share on FacebookTweet about this on TwitterShare on Google+Email this to someone