Årsmøteprotokoll 2015

Britt Berg Madsen blir takka av som leiar i NBF SF
Biletet: Britt Berg Madsen får blomar og ei hjartans takk for innsatsen som leiar i NBF Sogn og Fjordane i fire år. No tek Jorun Systad over som leiar.

Årsmøteprotokoll 2015
Årsmøtet fann stad 18. juni 2015 på Førde bibliotek.
Til stades: Torill Berge, Jorun Systad, Britt Berg Madsen, Mona Svendsen, Reidun Koksvik, Randi Tveit Solheim, Ann-Kristin Vik Fløtre

Sak 1 Konstituering av årsmøtet
Ordstyrar: Britt Berg Madsen
Skrivar: Ann-Kristin Vik Fløtre
Underskrivarar av protokollen: Torill Berge og Mona Svendsen
Vedtak: Styret sitt forslag godkjent

Sak 2 Årsmelding
Vedtak: Godkjent utan endringar.

Sak 3 Rekneskap
Vedtak: Godkjent utan endringar.

Sak 4 Budsjett
Mona gjekk gjennom budsjettet.
Vedtak: Forslag frå Jorun om at aktivitetstilskotet må strykast, sidan vi ikkje har søkt i år. Tilskotet frå andre pleier å bety tilskot frå fylkesbiblioteket, dei har gitt signal om at vi kan søke tilskot til konkrete aktivitetar. Inntektene blir dermed justert ned til 16.600. Men hugs å ta med dette i budsjettet for 2016.
Jorun foreslo at vi tek ut kontorutgiftene på kr 1.000,- sidan vi ikkje har utgifter på dette. Reidun foreslo at vi budsjetterer med eit underskot sidan vi ikkje har søkt om aktivitetstilskot i år. Jorun fremja forslag om at vi budsjetterer med inntekter på 16.200, utgifter på 21.200 med budsjettert underskot på 5.200 pga. manglande søknad på aktivitetstilskot.
Vedtak: Endringsforslaget samrøystes vedteke.

Sak 5 Handlingsplan 2015 (Jorun tok over som møteleiar midtveis i denne saka)

NBF Sogn og Fjordane vil
– aktivt følgje opp saker som NBF sentralt fremjar
– utvikle samarbeid med NBF i nabofylka
– sikre ressurstilgangen og fremje positiv utvikling av bibliotek i fylket
– følgje opp omsynet til bibliotektilbodet i prosessane rundt kommunesamanslåingar lokalt, men også opp mot NBF sentralt
– arbeide for fagleg utvikling for dei tilsette i biblioteka i fylket
– samarbeide med fylkesbiblioteket om dei årlege Bibliotekdagane
Vedtak: Handlingsplanen blei samrøystes vedteken.

Sak 6 Innkomne saker
Revisjon av vedtektene til Bibliotekprisen, forslag frå Ann-Kristin Vik Fløtre
a. Endringsforslag frå Ann-Kristin ang punkt 4: Tildelinga vil skje i samband med eit høveleg arrangement i Sogn og Fjordane.
b. Endringsforslag frå Torill ang. punkt 6 d: Ein politikar frå Sogn og Fjordane

Vedtekter for Bibliotekprisen til NBF Sogn og Fjordane, revisjon juni 2015
1) Prisen kan gå til eit bibliotek, ein institusjon eller ein person i Sogn og Fjordane, og vert tildelt for framifrå arbeid i biblioteka eller for å fremje og synleggjere biblioteka si rolle i samfunnet.
2) Kriteria for tildeling av prisen er at arbeidet representerer spanande, utradisjonelle og framtidsretta tiltak innan kultur-, kunnskaps- eller informasjonsformidling. Det kan vere innan aktiv formidling, marknadsføring, lesestimulering, møteplassfunksjon, arena for offentleg samtale og debatt, tilrettelegging av tenester for ulike brukargrupper eller generelt god teneste og sørvis.
3) Lista over føreslegne kandidatar vert ikkje offentleggjort. Juryen avgjer etter avslutta nominasjonsprosess om det er grunnlag for tildeling.
4) Tildelinga vil skje i samband med eit høveleg arrangement i Sogn og Fjordane.
5) Alle kan kome med framlegg til mottakarar.
6) Juryen har fire medlemer, og vert valde for to år. Årsmøtet vel medlemane etter framlegg frå valnemnda. Juryen er sammensett slik:
a. Eitt styremedlem i NBF Sogn og Fjordane (juryleiar, med dobbeltrøyst)
b. Eitt medlem i NBF Sogn og Fjordane
c. Ein forfattar frå Sogn og Fjordane
d. Ein politikar frå Sogn og Fjordane
Vedtak: Reviderte vedtekter inkl. to endringsforslag samrøystes vedteke

Endring av varaordning
NBF Sogn og Fjordane er oppmoda av NBF sentralt om å gå vekk frå ordninga med personlege varamedlemer. Dette er noko dei fleste lokalavdelingar har gått vekk frå. I staden har ein ordning med to varamedlemer i nummerert rekkefølgje. Dette vil vere ein enklare og sikrare løysing. Vi har opplevd å ikkje ha høve til å kalle inn vara, sidan den personlege varaen har vore sjukmeld, vore i permisjon eller på andre måtar vore hindra.
Vedtak: Endring av vedtektene frå personleg varaordning til to varamedlemer i nummerert rekkefølgje vert sett inn i laget sine vedtekter.

Sak 7 Val

Styret
Jorun Systad (ikkje på val) leiar for 1 år
Reidun Koksvik, styremedlem for 1 år
Ann-Kristin Vik Fløtre, sekretær, attval for 2 år
Mona Svendsen, kasserar, attval for 2 år
Nils Gjerland, politikar, for 2 år

Varamedlemer (ny ordning med 2 upersonlege varamedlemer)
1. Kari Bolstad (ikkje på val)
2. Kristin Hatledal, for 2 år

Revisorar
Aud Skibenes, attval, for 2 år
Inger Anne Skeistrand, attval, for 2 år

Bibliotekprisjury, alle valde for 2 år
Jorun Systad (juryleiar med dobbeltstemme, frå styret i NBF Sogn og Fjordane)
Randi Tveit Solheim (medlem NBF Sogn og Fjordane)
Ove Eide (forfattar frå fylket)
Hege Lothe (politikar frå fylket)

Valnemnd
Ellen Borch Veum (leiar)
Anne Sagen
Eli Eide Årevik

Referent: Ann-Kristin Vik Fløtre

Underskrivarar av protokollen:

Torill Berge Mona Svendsen