Biblioteka skapar gode lokalsamfunn

DSC_0013
Pressemelding 27.11.15

Flyktningstraumen kjem til å gje oss store utfordringar. Eit godt bibliotektilbod er eit av dei viktigaste integreringstiltaka vi kan satse på. Språk er vegen til integrering, og biblioteket er ein viktig døropnar til norsk språk, kultur og samfunnsliv. Som møteplass i lokalsamfunnet kan biblioteket byggje ned barrièrar, fordi det er gratis, og fordi det er ope for alle.

“Det norske samfunnet er blitt rikt og raskt, men går man på biblioteket kan man observere at svært mange også ønsker fred, fordragelighet, mellommenneskelig kontakt på et lavintensivt nivå, og fravær av kommersielle aspekter.” Erling Fossen, Aftenposten 25.11.15

Biblioteka er viktige møteplassar, og tilbyr eit mangfold av arrangement og andre tiltak. Det vert samarbeidd over kommunegrensene, både i Sunnfjord (BiS) og i Nordfjord. Biblioteka kan vise til vellukka samarbeid om forfattarbesøk og teaterstykke på turné.

Mange kommunar i fylket vårt har satsa på bibliotek dei siste åra. No investerer Vågsøy kommune i nytt og moderne bibliotek, og Vik kommune tok ansvar då bokbåten vart lagt ned – dei oppretta like godt eit lite bibliotek på Valsvik skule i Arnafjord. Alle bibliotek som vert rusta opp dreg den same konklusjonen: Betre bibliotek fører til auka besøkstal og har mange positive ringverknader.

I motsett ende av skalaen finn vi Gaular og Jølster. Her er det foreslått å nærast halvere bibliotektilbodet ved å legge ned biblioteket i Viksdalen, og å redusere med ein tredel av opningstidene i Jølster. Dette går direkte utover livskvaliteten til innbyggjarane, så vi oppmodar politikarane i desse kommunane til å tenkje seg nøye om.

NBF Sogn og Fjordane seier som nasjonalbibliotekar Aslak Sira Myhre: Vi treng fleire bibliotek, ikkje færre! No når mange bygder opplever at banken, posten og skulen er borte, er det ekstra viktig at biblioteka får halde fram å vere hjartet i bygda.

Lukke til med budsjettinnspurten, og la biblioteka få rom til å gjere ein forskjell for folk!

Kontaktperson: Jorun Systad, leiar i Norsk Bibliotekforening avd. Sogn og Fjordane Tlf. 979 98 980

Heile artikkelen til Erling Fossen: http://www.aftenposten.no/meninger/debatt/Uten-nye-Deichman-dor-Oslo-som-kulturby–Erling-Fossen-8258149.html

Share on FacebookTweet about this on TwitterShare on Google+Email this to someone