Styremøte 19. november 2015

Referat

Møtet fann stad på Førde bibliotek.
Til stades:
Jorun Systad, Mona Svendsen, Reidun Koksvik, Ann-Kristin Vik Fløtre (via Skype)

Sak 1) Konstituering
Inga endring etter det som vart vedteke på årsmøtet.

Sak 2) Skriv og meldingar
– Medlemsregisteret til NBF er no enkelt tilgjengeleg på nett, og viser at vi har 75 medlemmer – av desse er 37 personlege. Vi har eit potensiale i høve til personlege medlemer!
– Invitasjon til det årlege kontaktmøtet i NBF. Ingen deltok frå oss denne gongen.

Sak 3) Den økonomiske situasjonen i NBF Sogn og Fjordane
Nye reglar: Vi må no registrere oss i Brønnøysund og få organisasjonsnummer, for å kunne fortsette å ha bankkonto. Mona samlar inn personnummer frå alle i styret, og ordnar med registrering og det formelle vedr bankkonto.
Saldo på vår konto er no ca 28.000,-. Vi får grunntilskot ein gong i året frå NBF sentralt, i år fekk vi 7.500,-. Til neste år må vi hugse å søkje om aktivitetstilskot.

Sak 4) Bibliotekprisen 2016
Jorun kallar inn til møte i bibliotekprisjuryen, med mål om å dele ut pris på årsmøtet vårt i 2016. Bibliotek som har fått prisen til no: Fjaler, Førde, Gloppen, Aurland.

Sak 5) Bibliotek som treng vår drahjelp mht budsjett 2016
– Jølster: Tidlegare i år var det foreslått å leggje ned avdelinga på Skei. No er dette endra til at biblioteket må kutte ca 100.000,- tilsvarande 8 t opningstid i veka, utan at det sagt noko om kva avdeling dette skal takast frå. Dette tilsvarer 1/3 av opningstida i biblioteket totalt, noko som er dramatisk.
– Gaular: Endå meir dramatisk i Gaular, der Viksdalen filial er føreslegen nedlagt. Viksdalen har i dag ei opningstid på 8 t pr veke, og totalt er opningstida på 18 t. Altså tilsvarer dette kuttforslaget nesten ei halvering av tilbodet.
Vi utarbeider ei positiv pressemelding der vi framsnakkar dei gode biblioteka og alt det verdfulle som skjer – og samtidig nemne at nokon ikkje får del i dette, Jølster og Gaular/Viksdalen. Ansv.: Jorun / Ann-Kristin

Sak 6) Ymse
– Bokbåten er redda i Hordaland. Vi føl saka vidare.
– Det er oppretta ein ny bibliotekfilial i Vik kommune på Valsvik skule/Arnefjord! Innbyggjarane miste bibliotektilbodet sitt då Bokbåten vart lagd ned i vårt fylke. Vik kommune tek ansvar med å oppretthalde eit desentralisert bibliotektilbod (ta med dette i pressemeldinga under sak 5)
– Medlemsmøte 7. desember kl 15.30 med middag på Sunnfjord hotell. Ansv. : Reidun (tek kontakt med Nils og avtaler meny og pris med hotellet) og Mona (tek i mot påmelding). Ann-Kristin lagar til invitasjon når vi veit litt meir.

Neste styremøte vert i samband med medlemsmøtet med julemiddag 7. desember 2015, kl 14.00.

Referent: Ann-Kristin Vik Fløtre

Share on FacebookTweet about this on TwitterShare on Google+Email this to someone