Årsmelding 2015

Styret: Jorun Systad (leiar)
Reidun Koksvik, styremedlem
Ann-Kristin Vik Fløtre, sekretær
Mona Svendsen, kasserar
Nils Gjerland, politikar
Vara: Kari Bolstad
Kristin Hatledal
Revisorar: Aud Skibenes
Inger Anne Skeistrand
Bibliotekprisjury: Jorun Systad, Randi Tveit Solheim, Ove Eide og Hege Lothe

Møter:
Styret har hatt 2 styremøter
Styret har ikkje delteke på eksterne kurs/møter i perioden.

Medlemstal:
Det er 74 medlemmer (1 ned frå 2014), 37 institusjonar og 37 personlege medlemmer.

Aktivitet:
Lokallaget fekk gjennomslag for ei sak frå 2014, der vi på vegne av medlemsbiblioteka søkte om støtte frå Fylkesbiblioteket til hausting av data til Biblioteksøk frå biblioteka i fylket. Fylkesbiblioteket henta inn tilbod, koordinerte arbeidet samt dekka installasjonskostnadane (OAI PMH-lisens).
Vi gav aktiv støtte i prosessen rundt mogeleg avvikling av to bibliotek: Hovudbiblioteket i Jølster (Skei) og Viksdalen filial i Gaular. Pressemelding sendt alle lokalaviser og NRK Sogn og Fjordane. Vi fekk fleire store avisoppslag. I pressemeldinga fokuserte vi også på biblioteket si viktige rolle vedrørande integrering av flyktningar. Resultat: Ostehøvelen kom fram. Redusert opningstid gjorde at begge avdelingane fortsatt er i drift. Så kan ein diskutere om dette er beste løysinga. Det er i alle fall løysingar som politikarane klarer å leve med. Gaular kommune har bedt Førde kommune om eit tilbod på drift av bibliotektenesta.
Bibliotekprisen vart ikkje utdelt i 2015. I desember kalla vi inn til medlemsmøte og julemøte i Førde. Det var diverre ingen påmelde til dette arrangementet, men vi prøver igjen til vinteren!

Førde 10. mai 2016
Jorun Systad
Leiar

Share on FacebookTweet about this on TwitterShare on Google+Email this to someone