Årsmøte 2016

Årsmøteprotokoll 2016
Årsmøtet fann stad 12. mai 2016, kl. 12.30, i Førde, utstillingssalen i Førdehuset.

Desse møtte: Jorun Systad, Mona Svendsen, Reidun Koksvik, Randi Bjørneset , Anne Kari Faleide, Iren Riksheim Østvik.

Sak 1. Godkjenning av dagsorden.
Vedtak: Innkallinga vart samrøystes godkjent.

Sak 2. Val av ordstyrar, skrivar og 2 til å skrive under protokollen.
Ordstyrar: Jorun Systad
Skrivar: Reidun Koksvik
Underskrivarar av protokollen: Iren Riksheim Østvik og Mona Svendsen
Vedtak: Styret sitt framlegg godkjent.

Sak 3. Årsmelding 2015.
Jorun Systad las opp årsmeldinga. Det kom merknad til punktet om hausting av data til Biblioteksøk, så setninga vart endra til: Lokallaget fekk gjennomslag for ei sak frå 2014, der vi på vegne av medlemsbiblioteka søkte om støtte frå Fylkesbiblioteket til hausting av data til Biblioteksøk frå biblioteka i fylket. Setninga er innarbeidd i årsmeldinga som ligg ved.
Vedtak: Årsmeldinga vart vedteken med denne endringa.

Sak 4. Revidert rekneskap for 2015.
Revisjon var utført og kasserar har motteke revisjonsmeldinga. Kasserar delte ut rekneskapstala for 2015 og gjekk gjennom rekneskapen.
Vedtak: Rekneskapen vart samrøystes godkjent utan endringar.

Sak 5. Handlingsplan 2016.
Jorun Systad gjekk gjennom handlingsplanen:
Handlingsplan for NBF, avd. Sogn og Fjordane 2016
1. Debattmøte, hausten 2016. Tema: Biblioteka i utvikling, utfordringar ved kommunesamanslåing. Målgruppe: Tilsette i biblioteka, politikarar

2. Nasjonal bibliotekdag 1. september: Markering av dagen med pressemelding til alle fylket sine aviser. Oppfordre til markering på alle biblioteka i fylket.

3. Utdeling av bibliotekprisen for Sogn og Fjordane på bibliotekdagane 2016

4. Eit medlemsmøte og sosialt samvær for medlemmane november/desember 2016
Tema: Biblioteksjefen si marknadsføring av biblioteket sitt samfunnsoppdrag og funksjon ovanfor politikarar og administrasjon i kommunen.
Randi Bjørneset kom med framlegg om å få biblioteksjefane til å ta initiativ overfor politikarar og administrasjonen i kommunane sine. Dette blei skrive inn i planen under punkt 4, tema.
Vedtak: Samrøystes vedteken med følgjande tillegg: Eksisterande verkeplan vert vidareført som eit overordna dokument.
Sak 6. Budsjett 2016. Vi har fått tilsegn på eit aktivitetstilskot frå NBF i 2016 på kr 6000.-. Dette vart difor endra frå kr. 5000.- til kr. 6000.- i budsjettet, og som følgje av dette vart posten for møteutgifter auka frå kr. 2000.- til kr. 3000.-
Kasseraren innarbeider endringane i dokumentet.
Vedtak: Samrøystes godkjent.
Sak 7. Val.
Ordstyraren la fram valnemnda sitt framlegg.
Framlegg til nytt styre:
Jorun Systad (leiar, på val)
Anne Sagen, styremedlem
Ann-Kristin Vik Fløtre, sekretær, (ikkje på val)
Mona Svendsen, kasserar, (ikkje på val)
Nils Gjerland, politikar, (ikkje på val)

Varamedlemer
1. Kari Bolstad (attval)
2. Kristin Hatledal, (ikkje på val)

Revisorar
Aud Skibenes, (attval)
Inger Anne Skeistrand, (ikkje på val)

Valnemnd:
Framlegg frå styret:
Eli Eide Årevik, (attval)
Randi Bjørneset (ny)
Ellen Borch Veum (attval)

Vedtak: Følgjande vart valde ved akklamasjon:
Jorun Systad, leiar, for 2 år
Anne Sagen, styremedlem, for 2 år

Varamedlemer
Kari Bolstad, for 1 år
Kristin Hatledal, for 1 år

Revisorar
Aud Skibenes, (attval) for 2 år

Valnemnd:
Eli Eide Årevik, for 1 år – kallar inn nemnda
Randi Bjørneset, for 1 år
Ellen Borch Veum, for 1 år

Til slutt takka leiaren Reidun Koksvik for utført arbeid i styret gjennom fleire år og overrekte ei nydeleg roseplante 

Reidun Koksvik, ref.

Iren Riksheim Østvik Mona Svendsen