Styremøte 19. april 2016

Referat frå styremøte i Norsk bibliotekforening avd. Sogn og Fjordane
Tid og stad: 19. april 2016, Førde bibliotek kl. 12.00.

Tilstades: Nils Gjerland, Jorun Systad og Reidun Koksvik
(Mona Svendsen på telefon i forkant av møtet)
Fråværande: Ann-Kristin Vik Fløtre
Saker:
1. Skriv og meldingar:
Laget er no innmeldt i frivillighetsregisteret(Brønnøysundregisteret) med eige organisasjonsnummer. Laget kan no motta grasrotandel frå Norsk tipping.
NBF, avdeling Sogn og Fjordane har organisasjonsnummer: 916957203
Vi har motteke 6.000,- i aktivitetstilskot for 2016 frå NBF sentralt.
2. Økonomi:
Laget har 33.591,81 på konto pr. 19.04.2016.
3. Landsmøte i Tromsø 9. – 11. mars 2016
Jorun Systad deltok som medlem i FAGbibliotek og refererte kort i frå landsmøtet.
4. Årsmøte for NBF:
Årsmøte vert 12. mai kl. 10.00 i Førde. Jorun kallar inn og sender melding til valnemda.
Det vert enkel servering, eit lite innlegg frå Fylkesbiblioteket om tilbod for barn og ungdom og opning av Eventyr-rommet på Sogn og Fjordane Teater.
5. Kommunesamanslåing og bibliotek – kva skjer i Sogn og Fjordane?
Biblotek har vore lite på dagsorden når det gjeld kommunesamanslåing.
Frå sentralt hald har ein sagt at førstelinje-tenesta i kommunane skal videreførast.
NBF avd. Sogn og fjordane ynskjer at ein i framtida utviklar vidare driftssamarbeid på tvers av kommunegrenser og utviklar gode driftsmodellar for bibliotektenesta.
NBF, avd. Sogn og Fjordane må jobbe aktivt for å synleggjere biblioteka i denne prosessen.
6. Stipend:
NBF, avd. Sogn og Fjordane lyser ut 2 reisestipend a 4.000,- for medlemmer som ynskjer å delta på nasjonale og regionale bibliotekkonferanser.
7. Ymse:
Nils Gjerland orienterte kort om arbeidet i Senioruniversitetet
– ein frivillig organisasjon som driftar foredrag, debattar og andre aktivitetar i Sunnfjord.

Førde 10.05.2016

Jorun Systad
Leiar