Årsmelding 2012/2013

Norsk Bibliotekforening
Avd. Sogn og Fjordane

ÅRSMELDING 2012 – 2013
Styret: Britt Berg Madsen (leiar)
Jorun Systad (nestleiar)
Mona Svendsen (kasserar)
Guri Aarhus (skrivar)
Håkon Myrvang (styremedlem)
Varamedlemer: Marie Dombestein, for Jorunn Systad
Anja Angelskår Mjelde, Guri Aarhus
Eli Hjelle Kjøllesdal, for Mona Svendsen
Reidun Koksvik, for Håkon Myrvang
Revisorar: Inger Anne Skeistrand og Aud Skipenes
Valnemnd: Randi Tveit Solheim, leiar
Ellen Borch Veum
Iren Riksheim Østvik
Bibliotekprisnemnd: Britt Berg Madsen, leiar
Anne Sagen
Hans Sande
Nils Gjerland (spurt etter årsmøtet)
Møter
Styret har hatt 1 møte.
Medlemstal
Det er 79 medlemmer, 37 institusjonar og 42 personlege medlemmer. Det er ein auke på 2.
Møteverksemd og deltaking på eksterne kurs
* Jorunn Systad deltok på eit telefonmøte med NBF om bibliotekstafetten som kjem til fylket i august/september
Lesarinnlegg
Som ein reaksjon på Selje kommune sine dramatiske kutt i bibliotekbudsjettet i kommunen sende NBF Sogn og Fjordane lesarinnlegg til Fjordenes Tidende, Fjordabladet og NRK Sogn og Fjordane, samt Selje kommune og Sogn og Fjordane fylkesbibliotek. Dette gjorde at leiaren vart kontakta av NRK Sogn og Fjordane og fekk kommentert saka.