Årsmøteprotokoll 2014

Årsmøtet fann stad 3. juni 2014 på Skei hotell, Jølster.
Til stades
Det var 8 stk som møtte.
Sak 1 Konstituering
Ordstyrar: Jorunn Systad
Skrivar: Britt Madsen
Underskrivarar av protokollen: Eli Eidsvik og Mona Svendsen
Vedtak: Styret sitt forslag godkjent
Sak 2 Godkjenning av innkalling og saksliste
Merknad: Leiar gjorde merksam på at sidan forslag til bibliotekprisen kom så seint, og to i nemnda ikkje hadde svart, blir tildeling av bibliotekprisen delt ut under Bibliotekdagane i slutten av september. Dette sa årsmøtet seg samde i.
Vedtak: Innkalling og saksliste godkjent

Sak 3 Årsmelding, rekneskap og budsjett
Mona gjekk gjennom rekneskap og budsjett.
Vedtak: Godkjent utan endringar.
Sak 4 Verkeplan for 2014 – 2015
Verkeplan vart vidareført slik han låg føre frå i fjor:
o Arbeide for å fremje ei positivt utvikling av bibliotektilbode i Sogn og Fjordane og forsvare ressurstilgangen til biblioteka i fylket, samt følgje opp det politiske arbeidet til Norsk Bibliotekforening sentralt.
o Utvikle samarbeid med NBF i nabofylka.
o Arbeide for å styrke og utvikle arbeidet i lokallaget, mellom anna gjennom styrearbeidet.
o Arbeide for fagleg utvikling for dei tilsette i biblioteka i Sogn og Fjordane gjennom stønad til kurs/studiar for medlemmer.
o Samarbeide med fylkesbiblioteket om dei årlege Bibliotekdagane.
o Biblioteka i Sogn og Fjordan må vera på hogget når det gjeld elektroniske media.
o NBF Sogn og Fjordane skal følgje opp det vidare arbeidet med strategisk plan for biblioteka i Sogn og Fjordane.
Vedtak: Verkeplan vedteke
Sak 5 Innkoma sak: Avlevering av bibliotekdata til Biblioteksøk
Årsmøtet i NBF Sogn og Fjordane la fram slikt framlegg til vedtak:
NBF Sogn og Fjordane oppmodar Sogn og Fjordane fylkesbibliotek om å bidra til eit felles løft for å få til innhausting av katalogdata til Biblioteksøk. Årsmøtet ber Fylkesbiblioteket om å ta leiarskap, sakshandsame, forhandle pris, betale for oppstartkostnader og informere.
Vedtak: Samrøystes vedteke.
Sak 7 Val
Styret
Leiar: Britt Berg Madsen (ikkje på val)
Nestleiar: Jorunn Systad (attval)
Skrivar: Ann-Kristin Vik Fløtre (ikkje på val)
Kasserar: Mona Svendsen (ikkje på val)
Styremedlem: Håkon Myrvang (attval 1 år)

Personlege varamedlemmer
Kari Bolstad for Jorunn Systad (2 år)
Kristin Hatledal for Ann-Kristin Vik Fløtre (ikkje på val)
Eli Hjelle Kjøllesdal for Mona Svendsen (ikkje på val)
Reidun Koksvik for Håkon Myrvang (attval 1 år)
Revisorar
Aud Skipenes (attval 1 år)
Inger Anne Skeistrand (attval 1 år)
Bibliotekprisjury
Britt Berg Madsen (leiar), frå styret
Anne Sagen, NBF-medlem
Hans Sande, forfattar
Nils Gjerland, kulturpolitikar
Valnemd
Torill Berge, Nordfjord (leiar, opprykk)
Ellen Borch Veum
Styret får fullmakt til å finne nytt medlem (frå Sunnfjord)
Vedtak: Valkomitéen sitt forlag til nytt styre og ny valkomité vart vedteke.
Referent: Ann-Kristin Vik Fløtre

Underskrivarar av protokollen:

Eli Eidsvik Mona Svendsen