Coffee table discussion

Coffee talk
Norsk Bibliotekforening avd. Sogn og Fjordane inviterer på 3-retters middag på Sunnfjord hotell for medlemer, torsdag 13. november kl. 15.30 (altså rett etter IBBY-kurset). Så tek vi med oss kaffikoppen til ein coffee table discussion. Biblioteka har ei utfordrande tid framfor seg. Set deg ved det bordet som har ei sak du vil vere med å diskutere:
– Kommunesamanslåing
– Konsekvensar av kutt i fylkesbiblioteket sitt budsjett
– Kontakt med politikarar
Kort oppsummering til slutt i plenum. Vi satsar på å runde av seinast kl. 18.

Påmelding innan 6. november til ann.kristin.flotre@gloppen.kommune.no.

Har du lyst til å melde deg inn i denne slagkraftige organisasjonen, kan du gjere det her: http://norskbibliotekforening.no/bli-medlem/. Er du usikker på om du er medlem, svar på denne e-posten – så sjekkar vi medlemslista.

Til slutt ei oppfordring til alle biblioteka i fylket:
Bestill alle tidsskrift via NBF Tidsskriftformidlingen, då er de samtidig med og sikrar økonomien i NBF – interesseorganisasjonen som kjempar for tilgang til gode bibliotek.

Helsing styret i NBF Sogn og Fjordane:
Britt Berg Madsen, Mona Svendsen, Jorun Systad, Håkon Myrvang/Reidun Koksvik, Ann-Kristin Vik Fløtre