Referat frå styremøte 24. sept 2014

Møtet fann stad på Sunnfjord hotell, Førde.

Til stades:
Britt Berg Madsen, Reidun Koksvik (vara for Håkon Myrvang), Mona Svendsen, Jorun Systad, Ann-Kristin Vik Fløtre

1) Bekymring for NBF sin økonomi
Dette gjer vi: Oppfordrar alle bibliotek til å ha alle sine abonnement i NBF si tidsskriftformidling, og jobbar med medlemsverving.

2) Utsending til NBF sitt organisasjonsmøte 29. og 30. oktober
Ann-Kristin Vik Fløtre

3) Bruk av aktivitetsmidlar
Studietur: To forslag: Britt foreslo Lom, med retur over Stryn og evt. Gloppen. Reidun foreslo Bergen. Det var stemning for studietur, men først til våren når fjellovergangane er greiare.
Medlemsmøte: Vi har ein utfordrande periode framfor oss med kutt i fylkesbiblioteket sine ressursar og ikkje minst kommunesamanslåing. Vi vil difor aktivisere flest mogleg av medlemane, for å vere med å diskutere aktuelle saker framover. Vi blei einige om å invitere alle til medlemsmøte på eit tidspunkt då flest mogleg er samla likevel – rett etter kurset i ny barn- og ungdomslitteratur (IBBY) 13. november. Vi startar med ein 3-rettars middag med innlagt coffee table-diskusjon til desserten. Då flyttar vi oss ti eit møterom. Eitt bord pr sak – i utgangspunktet. Ein kan setje seg ned ved det bordet ein er interessert i å diskutere ved. Evt. kan vi dele opp dersom borda vert for store. Minst ein av styremedlemane sit ved kvart av borda. Aktuelle tema: Kommunesamanslåing, biblioteka sitt samfunnsoppdrag, politikarkontakt. Kort oppsummering i plenum etter diskusjonane. Ansvar: Styret. Ved å friste med 3-rettars middag på Sunnfjord hotell, kan vi også håpe på medlemsverving. Britt tek kontakt med hotellet for å bestille middag og møterom. Ann-Kristin sender ut invitasjon.

4) Ymse
Nytt samfunnsoppdrag i biblioteklova: Det er utfordrande for biblioteksjefane rundt om i alle landets små kommunar å få implementert nytt samfunnsoppdrag – i tillegg til det store samfunnsoppdraget vi alltid har hatt – i høve til rådmenn, ordførarar og kulturpolitikarar. Dette bør NBF ta fatt i på sentralt hald. Vi sender saka vidare til NBF sentralt, og foreslår KS som ein veg å gå. Ann-Kristin lagar eit utkast til brev og sender til styret for innspel.

Ref.: Ann-Kristin Vik Fløtre