Stans kutt i Gloppen folkebibliotek

I årets budsjettforhandlingar i Gloppen er det foreslått å redusere opningstida med 1-2 dagar ved Gloppen folkebibliotek, som svarar til ei 75% stilling. Då må ein spør – kva gjev biblioteket oss?

Gloppen folkebibliotek har prioritert tilbodet til barn i ei årrekkje. Både i forhold til samarbeid med det pedagogiske personalet i skular og barnehagar, å tilby ei stimulerande barneavdeling og ikkje minst ei relevant, aktuell og rikhaldig mediesamling. Ny statistikk viser auke i utlån til barn. Såleis bidreg folkebiblioteket direkte til oppvekstsektoren sitt samfunnsoppdrag. Gloppen folkebibliotek bøter òg på mangelen av skulebibliotek i grunnskulane i Gloppen, med ei variert og aktuell mediesamling og kompetanse.

Om Gloppen folkebibliotek skal klare sine samfunnsoppgåver må dei òg ha bemanninga og opningstidene det krev. Ved å redusere 2,7 årsverk ved hovudbiblioteket med 0,75 årsverk reduserer ein heile tilbodet til biblioteket, både den daglege drifta og kvaliteten på tenestene. Om dei tilsette må fokusere hovudsakleg på «minimumsoppgåvene», som innkjøp, registrering, rydding, utlån og innlevering, mistar ein overskotet som krevs for å lage arrangement, drive aktiv og målretta formidling, og å skape eit framtidsretta bibliotek.

Gloppen folkebibliotek. Foto: Ann-kristin Vik Fløtre

 

Ein kutter ikkje berre i tilbodet, men òg i opningstidene. Med ein reduksjon på 1,5 dag vert ikkje lenger biblioteket ope på laurdagar og ein vekedag. Laurdagane er familiedagen, då mange har fri og moglegheit til å komme innom biblioteket. Kvardagane er viktige for skular, barnehagar og ålmenta. Trivselshagen vil heller ikkje lenger vere eit ope og tilgjengeleg kulturhus når ein langopen vekedag og laurdagen er vekk. Dei gruppene som best vil merke reduksjonen i opningstidene er grupper som ikkje har organiserte pressgrupper til å tale sin sak. Difor er det viktig at vi seier i frå. Gloppen folkebibliotek er viktig.

Å kutte i bibliotekas budsjett kan kortsiktig virke som ei god løysing på trong økonomi, men biblioteket er ei teneste som løftar heile lokalsamfunnet – og det merkar ein kanskje best når tenesta vert svekka.

Mvh
Ylva P. Altin Seljenes
Norsk bibliotekforening Sogn og Fjordane